Stril med smil

bildeIdentitet og identitetskrise er ord som ofte vert nytta i ulike sammenhengar. Ikkje vil vi påstå at strilane lir av mangel på identitet, men det er vel ikkje å stikka under ein stol at betre kommunikasjonar med Bergen, samt at strialandet dei siste åra er blitt "invadert" av utflytta bergensarar, har ført til at både språket og kulturen er blitt utvatna. I boka "Stril med Smil" har forfattaren Jan Spurkeland nytta alle dei ingrediensane som særmerkjer strilekulturen. Boka er skriven på dialekt, og humoren i dikta er umiskjenneleg "strilsk". Vi tek vel ikkje for hardt i når vi påstår at alle strilar (og kanskje mange andre) vil kjenna seg att i det miljøet som vert skildra.

 

Saman med teiknaren Kåre Eikeland som har illustrert boka, har forfattaren klart å fanga det som kan reknast som særeigent for strilane. Både forfattar og teiknar er strilar, og det ville vel vera utenkjeleg at andre enn strilar skulle klara å laga nettopp ei slik bok.

 

<< | Bestill